Hopp til hovedinnholdet

Tidsskrift for Telemark Historielag nr 10 -89

1989, Redaksjon: Lunde/Rovde/Schrumpf

Årlige tidsskrifter fra Telemark historielag legger fram et mangfold av artikler. Dette temahefetet kan stå som eksempel på variasjon og grundighet – Det representer her hefter vi har hatt stor nytte av å lese.

 Fra forordet: «Første del av årboka er i år via emne frå skolehistoria i Telemark. På grunn av 2S0-års-jubileet for opprettinga av allmenn folkeskole er den norske skolen sett i ekstra sterkt historisk lys rundt om i landet. Det har også skjedd i Telemark. Artiklane vi trykkjer her, har m.a. utgangspunkt i eit seminar i skolehistorie som Telemark Historielag arrangerte sist vår. 

Utvalget vårt syner at skolehistoria i Telemark er eit stort, mangfaldig og spennande emne. Vi startar med å trengje inn i skolestovene og oppleve kvardagen til elevane for ca. 70 - 80 år sidan. Ørnulf Hovdhar teke for seg det rikhaldige minnemateriale som er innsamla og han har systematisert stoffet om skolelivet på landsbygda i Telemark. Gjennom dette materialet gjev han levande innsyn i skoledagen på landsbygda ca. 1890 - 1930, og artikkelen er eit godt døme på korleis folks minne om eigne opplevingar kan nyttast som historisk kjeldemateriale. Allment sett må den obligatoriske folkeskolen ha verka demokratiserande på det norske samfunn. Den heva kunnskapsnivået, gav grunnlag for sosiale opprykk og skapte ofte kunnige talsmenn for dei «lågare- klasser. I sin artikkel om Bruksskolen på Ulefoss finn Ellen Schrumpf at eitt formål med denne skolen var å gjere elevane til gode arbeidarar slik at dei kunne innordne seg det paternalistiske og klassedelte samfunnet i Ulefoss. Men samstundes syner ho at bruksskolen hadde høg kvalitet og at arbeidarane slo ring om den og verna den lenge mot nedlegging.

I 1739 kom det også forordningar om ei lærarutdanning, og Knut Jordheim tek opp rekruteringa til denne lærarutdanninga i Telemark. I starten var tydeligvis ikkje læraryrket så forlokkande, men her skjedde det eit vendepunkt alt frå slutten av 1700-talet, og det vart oppretta lærarseminar både i Kviteseid, i Skien, i Seljord og endel eg i Notodden. Desse vart på heile 1800-talet ein viktig utdanningsveg for
m.a. gåverik landsungdom, og frå slutten av hundreåret vart lærarskolane også ein av dei viktige utdanningsvegane for kvinner.

I 1818 reiste den 17 år gamle bondesonen Knut Gislesen frå Hjartdal til det nyopna lærarseminaret i Kviteseid. Gudrun Hovde Gvåle syner korleis dette var starten på ei lang og rik karriere for hjartdølingen, og gjev dermed eitt instruktivt døme på korleis gåverike bygdegutar kunne slå seg fram. Gislesen vart lærar og seinare prest og biskop, og sette tydelege merkje etter seg både som pedagog og teolog. ..."


Detaljer

  • Forfatter(e): Redaksjon: Lunde/Rovde/Schrumpf
  • Utgivelsesår: 1989
  • Forlag: Telemark Historielag
  • ISBN: 0800-3408

Bottom

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish